Her skal det tullast! Meld deg på og realiser draumen om å bli stand up-komiker, eller ta med den nye nabo’n, gutta på jobben, dei i syklubben og bestefar din...
Lag ein sketsj, kle deg ut og hent fram eit gamalt revynummer, dramatiser ”Terje Vigen”, parodier læraren du hadde i 9. klasse … Hallingdal Teaterverkstad tilbyr gratis kostymeleige, enkel instruksjon hvis du treng det, og 5 minutt i rampelyset – resten er opp til deg.
Laurdag 16. oktober kl. 17.00 fyller vi scene og sal i Ål kulturhus med hallingar - rotekte og innflytte, glade teater-amatørar og debutantar - felles for dei er sansen for gapskratt og ein smule galskap.
Nøyaktig kva som skal skje aner vi ikkje, men det blir nok både pausefiskar og herjing med publikum. Det skulle forresten ikkje forundre oss om du kjenner komframseiarane frå før…
Målet er ganske enkelt å ha det moro og ikkje ta seg sjølv så alvorleg. Lista ligg lågt, og snippen er så laus at den knapt finst.
Fyll ut skjema som ligg som link under biletet for å melde deg på - eller ta kontakt med HTV for å finne ut meir!